Cruise anløp på Skjolden    

Oppdatert:

05. mars 2010

Cruiseskipdestinasjonen Skjolden

Ved Ombandsnes deler Sognefjorden seg, Årdalsfjorden og Lustrafjorden. Lustrafjorden går mot nord mot Urnes, deretter går den nordaust inn til fjordbotn. Lustrafjorden har ein liten fjordarm, Gaupnefjorden. Inne i fjordbotn ligg Skjolden Her inne møter fjorden to vakre dalføre Mørkridsdalen og Fortunsdalen. Før krigen var det ein del anløp av cruiseskip på Skjolden, men har i ettertid dabba av. Skjolden vart frå 2007 den nye cruiseskipdestinasjonen på Vestlandet. Då fekk Skjolden vitjing av 5 skip. I 2008 var det også fem skip som kom på vitjing i lag med to seglskip som var med i Tall Ships Race. Fjorden inn til Skjolden er omgjevne av høge og bratte fjellsider. Det renn mange fossefall ut i fjorden. Det største av dei er Feigefossen som har eit fall på 229 m.

Siste Nytt:

05. mars, 2010:
det kjem 11 cruisebåtar til Skjolden i år.

Linkar:

Skjolden.info © 2006 - 2010
Skjolden Info er ikkje ansvarlig for innhald på eksterne nettsider.